Finna stad er ei bok om samspelet mellom kunst, stad og menneske. Med utgangspunkt i ulike prosjekt viser kunstnarane Tone Einelia og Petra Rahm korleis kunst kan vere ein drivkraft i stadutvikling og bidra til meir opne og demokratiske prosessar.

Boka byggjer på fleire års samarbeid med kommunar, arkitektar, næringsliv og lokalsamfunn, og undersøker korleis ein kan skape gode prosessar på tvers av fag og interesser. I møtet mellom ulike aktørar kan nye perspektiv og løysingar oppstå. Med personleg og samstundes fagleg stemme tek forfattarane opp spørsmål om stad, identitet, empati og samarbeid.

Utgivinga er delt i to delar: ein eksempeldel med konkrete prosjekt, og ein metodedel som reflekterer kring kunstens rolle i stadutvikling og som gir praktiske inngangar til korleis slikt arbeid kan gjennomførast. Boka kan bli lesen frå begge sider, og inviterer lesaren til sjølv å velje inngang til stoffet gjennom eksempla eller metoden.

Dette er ei bok for kunstnarar, planleggarar og alle som arbeider med stad og samfunn. Ho fungerer både som inspirasjon og handbok, og peikar på korleis kunst kan utvide forståinga av stadutvikling og bidra til å forme framtidas stadar.

2026
Nynorsk/bokmål
12,0 x 18,0 cm
160 sider
Trådinnbunden softcover i Gmund Les Naturals med silketrykk. Boka er i to delar som kan lesast frå begge sider.

Formgjeving: Rune Døli

ISBN 9788279593829

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk