Gråsteinen var gull verd i bonden sitt landskap. Steinen var spadd opp av jorda, henta i ura eller sprengd ut or fjellet, og det vart reist milevis av steingardar, vakre veganlegg, små og store steinhus. I dag står dei gamle murane og fortel historie: om levemåten den gongen då stein var ein av få ressursar mange bønder hadde rikeleg av.

Av stein dokumenterer vakre byggverk og tunge tak. Boka viser at dugande handverkarar fekk reist mange murar sjølv om steinen var alt anna enn samarbeidsvillig. Bli kjend med steingarden, bakkemuren, steinløa, gardfloren, torvhuset og – ikkje minst kjøleskåpet utan stikkontakt – jordkjellaren.

2017
2. opplag
Nynorsk
19,0 x 21,5 cm
288 sider
Inndunden med trykt overtrekk, foliepreg.

Formgjeving: Silje Nes
Foto: Oddleiv Apneseth

ISBN 9788279592587

Sagt om boka:

«Fotografiene til Oddleiv Apneseth får frem hvordan gråsteinsbyggverkene smelter sammen med landskapet. Det er et vakkert syn.»

«Etter å ha lest Av stein, kan ikke stein forbli det samme som før.»

«Tekstane er like stødige og til å lita på som ein tørrmur, medan fotografia gjer noko med korleis du sjølv vil nytta synet neste gong du fer langs vegane.»

«Boka åpner øyet for skjulte skatter.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk