Radarparet Eva Røyane og Oddleiv Apneseth har tidlegare hatt stor suksess med bøkene Noregs låver, Av stein og Klyngetunet. No har dei leita frå Jæren til Sunnmøre etter vestlandske våningshus der det framleis bur folk, og somme stader leikar barn på lemen.

I Vestlandshus. Våningshus frå Jæren til Sunnmøre fortel dei historia om det avlange, kvitmåla våningshuset som, saman med den vanlegvis raude løa, i løpet av 1800-talet hadde blitt eit landemerke og kjenneteikn på vestlandske gardstun.

Med tida er dei fleste av desse karakteristiske bygningane blitt erstatta av nyare bustadhus som hovudhus på garden. Husa som står att finst i dag i svært ulik framtoning. Nokre har blitt ståande lenge utan vedlikehald og syng på siste verset. Andre har fått nødvendig vedlikehald og er lite endra. Atter andre er ombygde både ut- og innvendig. I boka viser Røyrane og Apneseth også variantar av dei attståande vestlandske våningshusa der gammal byggeskikk møter ny arkitektur, og vi får døme på korleis det tradisjonelle våningshuset kan tilpassast dagens behov og framleis brukast som heilårsbustad.

2020
Nynorsk
23,0 x 24,0 cm
256 sider
Innbunden med kvartbind i tekstil, foliepreg.

Formgjeving: Silje Nes
Foto: Oddleiv Apneseth

ISBN 9788279593133

Sagt om boka:

«Gje dei to ein pris, einkvan! »

«Både Vestlandshus og de tidligere bøkene til Røyrane og Apneseth er folkeopplysning av beste merke.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk