William Cuthbert Faulkner (1897–1962) er rekna som den store modernisten blant dei amerikanske forfattarane som debuterte i mellomkrigstida. Romanane hans bora djupt i både menneskesinnet og kulturen og har gitt dei amerikanske sørstatane ein heilt eigen plass i litteraturen. Faulkner fekk Nobelprisen i 1949. Han skreiv både lyrikk, skodespel, noveller og essays, men det er romanane han er mest kjent for og som har
sikra han ettermælet som ein av dei verkeleg store amerikanske forfattarane.