Idun A. Husabø (f. 1980) er utdanna samfunnsvitar og har bakgrunn frå NRK og Distriktssenteret. Ho arbeider i dag med forsking og formidling av forsking ved Vestlandsforsking. Husabø er skribent på fritida og har gitt ut bøkene Kjartan Slettemark – kunsten å falle (2009) og Balestrand (2011) og har bidrege i dokumentarboka Det fleirspråklege Noreg (2013).