Gunnar Garfors (f. 1975) er ein verdskjend globetrottar frå Naustdal der han vaks opp som den eldste i ein søskjenflokk på sju. Reiseverksemda hans inkluderer ei rekkje verdsrekordar, og han har vore intervjua og omtalt av media i over 100 land.
Vinteren 2018 vart sunnfjordingen den første personen som har besøkt alle verdas 198 land to gonger. Opphaveleg er Garfors journalist, med utdanning frå Falmouth i Storbritannia og Oslo, og lang fartstid som rådgjevar for NRK i Oslo. Garfors skriv òg om reise for The Guardian og er kjend for reisepodkasten Globusrulett.