Franz Kafka (1883–1924) vert sett på som ein av dei viktigaste forfattarane på 1900-talet, og verka hans er ein uomgjengeleg del av verdslitteraturen. I levetida var den tyskspråklege, jødiske forfattaren lite kjend utanfor heimbyen Praha, men frå seint i 1920-åra påverka han både litteraturen og sjølvforståinga i heile det tjuande hundreåret. I dag er Franz Kafka den mest lesne tyskspråklege forfattaren i verda, og særpreget i forfattarskapen var sterkt nok til å gjere namnet hans til omgrep i språket. Når verda framstår framand for oss, kan vi kalla henne kafkask, og når styresmakter eller storkapitalismen yter oss urett, blir det fort ein kafka-prosess.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk