Sidonie-Gabrielle Colette (1873–1954), kjend som Colette, var ein pioner for moderne kvinneleg frigjering og ein av dei mest markante franske forfattarane på 1900-talet. Ho var ein forfattar som nekta å la seg plassere, temje eller redusere. Ho var eit feministisk ikon og fekk stor betydning for seinare tenkjarar og forfattarar som Simone de Beauvoir og Marguerite Duras.
Colette voks opp i landsbyen Saint-Sauveur-en-Puisaye, tett på natur og dyreliv og med ei mor som gav henne ein fri og utradisjonell oppvekst prega av intellektuell nysfikne.
I Paris gifta ho seg med forfattaren og kritikaren Henry Gauthier-Villars. Han introduserte henne til det parisiske kunstmiljøet, men fekk dei første bøker hennar, Claudine-romanane, utgitt i sitt eige namn. Slik byrja karrieren hennar i skuggen av ektemannen. Først etter brotet blei Colette for alvor Colette: scenekunstnar, frilansar, skribent – og etter kvart ein av dei mest særprega røystene i europeisk litteratur. Ho skreiv seg ut av ekteskapet og forventningane samtida hadde til kvinner, og utvikla ein prosa prega av ei uvanleg openheit om kropp, lyst og fridom som framleis kjennest moderne.
I 1948 blei ho den første kvinna som leia Académie Goncourt, og ho var fleire gonger nominert til Nobelprisen i litteratur.