Når norske soldatar kjem heim til Norge etter teneste i konfliktområde, byrjar for mange veteranar ein personlege kamp. Ein kamp dei ikkje har blitt førebudd på. Ein kamp med seg sjølv og med samfunnet. Dei kjempar for å finne tilbake til eit vanleg liv, mot vonde minne og mot eit samfunn som ikkje forstår. Dei kjempar for å bli høyrde og respekterte både i den offentlege debatten og i deira personlege kvardag.

Sidan 1945 har over hundre tusen nordmenn vore i utlandsteneste. Når oppdraget i Afghanistan vert avslutta, vil Norges siste store krigsinnsats ha etterlatt nærare ti tusen nye norske krigsveteranar. Er dei førebudd på det som ventar dei når dei kjem heim? Og er det norske samfunnet klare for å ta i mot dei?

Gi meg heller livet er eit eineståande dokumentasjonsverk, eit tidsbilete som gir innsyn i eit tema som kan setje i gong ein viktig debatt.

Boka gir innblikk i kvardagen til 13 veteranar frå oppdrag i Libanon, Irak, Balkan og Afghanistan, ein av dei er ei kvinne som er veteran og enke. Forordet er av Forsvaret sin veteraninspektør Robert Mood.

Fotograf Håvard Bjelland og forfattar Bjørn Asle Nord har i fleire år jobba saman om dette såre og følsame temaet. Gjennom reportasjar i Bergens Tidende har dei vist unge krigsveteranar sine liv, menneske som vi ofte ikkje ser. For dette arbeidet har dei to gonger vore nominert til Den store journalistprisen. Etter kvart har dei samla inn fleire historier og ynskjer no å vise dei enkelte skjebnane i eit større perspektiv.

Utgiving av boka er støtta av Norsk kulturfond og Fritt Ord.

2014
Nynorsk
190 x 250 cm
256 sider
Innbunden med halvbind i tekstil, råpapp og foliepreg i to fargar.

Formgjeving: Aud Gloppen
Foto: Håvard Bjelland

ISBN 9788279592068

Sagt om boka:

«Vi har latt oss begeistre over kvaliteten på tekstene. Bildene er unike.»

«Bogen er gribende læsning, og fotografierne er lige så dokumenterende og nærgående som teksten. […] De menneskelige skæbner træder så indtrængende og relevant frem i bogens ord og billeder, at det til tider gør ondt at læse med.»

«Et nydelig grusomt stykke bok, levert av en fotograf og en forfatter som gir oss sitt aller beste i det aller verste. […] Håvard Bjelland har funnet frem til en troverdig fortolkning av samtidens sanne helte-epos. […] Dette er billedmessig show, don't tell-dokumentarisme på sitt aller beste.»

«En sjeldent vakker bok. Den er så absolutt verdig en designpris. […] Bjelland har fulgt de 13 så tett at det oser levd liv og turbulent stemning av bildene.»

«Denne reportasjeboka gir oss overbevisende skildringer av helt andre virkeligheter. […] Lavmælte stemmer fra norske krigsveteraner og poetiske fotografier som åpner for nyanser som gir varig inntrykk på leseren. […] Tekstene er enkle og samtidig uhyre velkomponerte.»

«Meget bra bok. Fikk ikke lagt den fra meg før den var lest igjennom. Bra stykke arbeid.»

«Boken er en unik dokumentasjon av hvor skremmende store ettervirkninger man kan få av å delta i krigsteneste.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk