Forfattar og historikar Gaute Losnegård har samla heile den norske rutebilhistoria i denne boka, noko som aldri er gjort før.
I 2008 var det 100 år sidan bilruter kom i gang på varig basis i Noreg. Fram til personbilen sitt gjennombrot på 1960-talet var rutebilen det bindande leddet mellom nord og sør, aust og vest.
Han tek for seg den tekniske, samfunnsmessige, økonomiske og organisatoriske utviklinga for rutebilnæringa, og korleis rutebilen har konkurrert med andre transportmiddel som båt og bane. Boka er rikt illustrert med eldre og nyare foto.