Aurland kommune bygde fjellvegen over til Lærdal i 1960-åra. I 2006, førti år seinare, fekk vegen status som nasjonal turistveg.

Vegen gir reisande høve til å oppleve natur og kultur i nært samspel. Frå utsiktspunktet rett over Aurlandsvangen kan ein sjå fjordlandskapet. Oppe på fjellet møter dei vegfarande snø og is. I dei slake liene ligg stølsgrendene. Og ned mot Lærdalsfjorden finn ein den faste busettinga. Langs vegen er det mange romslege rasteplassar som er gode utgangspunkt for fjellturar. I fjellvatna leikar auren, og på stølsvollane lever framleis segnene om huldrefolket.

Dette er boka om naturskjønne Aurlandsvegen, av mange også kalla Snøvegen.

2006
Nynorsk
19,0 x 23,5 cm
80 sider.
Innbunden med trykt overtrekk, rikt illustrert med kart.

Formgjeving: Arne Barlindhaug Ellingsen

ISBN 9788279590774

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk