Korleis påverkar klimaendringane kvardagen til vanlege folk? I Mellom linjene tar Gunnar Garfors oss med på ei makelaus reise langs ekvator og dei to polarsirklane for å finne svar. Vi får bli med på lasteskip ned Kongoelva, toget gjennom Sibir og beltebil over den antarktiske isen, og får eit sjeldan innblikk i dagleglivet til folk vi elles aldri ville ha møtt.

Gjennom gripande forteljingar, personlege menneskemøte og naturskildringar får vi ein statusrapport frå ei kokande verd. Vi får vite korleis klimaet i endring påverkar livet til fiskarar, bønder, byfolk og urfolk – frå regnskogen i Amazonas til isøydet på Grønland.

Med ei unik evne til å kome i kontakt med vanlege folk og skarpe observasjonar har Gunnar Garfors fått skrive ei reiseskildring som både er underhaldande, engasjerande og augeopnande.

2025
Nynorsk
14,8 x 21,0 cm
368 sider
Innbunden med tråd og trykt i sylskarpt offset-trykk.
Klimatransparent produksjon

Formgjeving: Øystein Vidnes

ISBN 9788279593991

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk