Dokumentering av ei heil bygd

Fotograf Oddleiv Apneseth har eit heilt spesielt auge for å vinkla kvardagsmenneske og situasjonar. I 2008 tok han bilete av folk i Jølster, som fekk mykje merksemd i pressa over heile landet og utstillingar i både utland og innland. No er fotografia samla i bokform, ei bok for alle jølstringar men òg for dei som vil sjå eit stykke vestland i ein noko utradisjonell setting.

Fokuset har vore på tinga ein omgjev seg med i forbrukarsamfunnet; flatskjermar, gravemaskiner, telefonmaster. Boka gjev såleis innblikk i dagleglivet i ei vakker vestlandsbygd anno 2008, og fortel samstundes noko om samtida nordmenn lever i.

2010
Nynorsk
29,5 x 24,5 cm
336 sider
Innbunden i tekstil halvbind med sølv og kvit foliepreg, utbrettsider.

Formgjeving: Aud Gloppen, Torill Stranger

ISBN 9788279591498

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk