Bøkene i klassikarserien er godt innbundne, vakre og lette å ta med seg. Skulle du likevel har bruk for ein e-bokversjon, kan du få tak i den i dei fleste e-bokformata:

Ebok.no

Ibooks

Kindle

Google books

I novella Fyrste kjærleik møter vi ein namnlaus uteliggar utan andre ønske enn å få vere i fred på benken sin. Lulu forstyrrar han, og etterkvart blir han forelska. Fyrste kjærleik var ein av dei første tekstane Beckett skreiv på fransk, rett etter krigen i 1945, men han vart først utgitt i 1970 og på engelsk i 1973. I boka har Jon Fosse valt ut denne saman med fem andre kortare.

Beckett skreiv smått om det store. Med ei stadig meir minimalistisk tilnærming sirkla han rundt mennesket sitt komplekse tilvære. Personane i Becketts tekstar verkar på same tid både nyfødde og livstrøytte, og tilbyr lesaren eit nytt og uvant blikk på verda. Mest kjend er han for teaterstykka, men sjølv såg han på prosaen, og særleg dei kortare tekstane, som den viktigaste diktinga si.

I utvalet Jon Fosse har gjort av Becketts kortprosa, finn vi Fyrste kjærleik og fem andre forteljingar: Kasta ut, Nok, Pling, Dei farne bortog Løyse. Tidlegare norske utgåver av Becketts korte tekstar har basert seg på dei franske originalane, men tekstane i omsetjinga til Fosse er sette om frå engelsk. Beckett sette sjølv om tekstane sine frå fransk til engelsk, og då endra han ofte ein god del slik at ein kan snakka om to versjonar av same verk. Ingen av dei engelske versjonane er tidlegare utgjevne på norsk.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.


Formgjeving: Stefan Ellmer, Øystein Vidnes, Andreas Töpfer
Omsetjing: Jon Fosse

ISBN 9788279592792

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk