Men språket er ein bekk som nesten alltid smakar av mange slags mold.
Silas Marner er den tredje romanen til George Eliot, og sjølv om den er mindre kjent enn storverket Middlemarch, har den blitt kalla eit meisterverk.
Boka er ein god inngang til forfattarskapen til denne høgt elska forfattaren frå den engelske landsbygda. Med sine realistiske, emosjonelt djuptborande og fargerike romanar peikte Eliot seg ut i samtida si. I ei tid der mange romanar handla om adelsfolk og dramatiske eventyr, valde ho å skrive om menneske som sjeldan fekk stå i sentrum i skjønnlitteraturen – om arbeidarar, handverkarar, einslege kvinner og fattigfolk.
I romanen, som er lagt til starten av den industrielle revolusjonen, møter vi vevaren Silas Marner som blir urettmessig skulda for tjuveri. Han bryt opp livet sitt og flyttar til landsbyen Raveloe, der han lever isolert, arbeider hardt og samlar opp myntane han tener. Når det oppsparte gullet hans blir stole, mister han meininga med livet på nytt. Men då eit forlate barn dukkar opp i livet hans, forandrar det alt, både for han og fleire andre i landsbyen.
Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.