Bøkene i klassikarserien er godt innbundne, vakre og lette å ta med seg. Skulle du likevel har bruk for ein e-bokversjon, kan du få tak i den i dei fleste e-bokformata:

Ebok.no

Kindle

Ibooks

Google books

Stefan Zweig blir rekna som den store meister i novellekunsten. Saman med Thomas Mann blir austerrikaren rekna som den mest lesne tyskspråklege forfattaren i mellomkrigstida. På 1920-talet var Zweig den mest omsette forfattaren i verda.

Kombinasjonen av øm psykologisk innsikt og fengslande, scenisk forteljarkraft gjer at tekstane hans verkar like levande i dag som då dei blei skrivne. Mange av dei har blitt filmatiserte. Den populære filmen The Grand Budapest Hotel (2014) smeltar saman inspirasjon frå fleire av Zweigs verk.

Etter nazistane si maktovertaking i 1933 blei Zweig tvungen ut i eit omflakkande eksil, verka hans blei forbodne og brende på bokbåla.

Den mest kjende av dei skjønnlitterære tekstane hans er Sjakknovelle, der han makta å kombinere forteljarevna si med den såre krigserfaringa. Denne la han siste hand på dagen før han tok livet sitt.

Utvalet i denne samlinga består av Måneskinssmauet (1922), Brev frå ei ukjend kvinne (1922), Den usynlege samlinga (1927), Uventa innføring i eit handverk (1931) og Sjakknovelle (1942). Av desse har berre Sjakknovelle tidlegare kome ut på norsk.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.


Formgjeving: Andreas Töpfer, Stefan Ellmer
Omsetjing: Øystein Vidnes

ISBN 9788279592976

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk