Ein eksklusiv adventskalender forma som eit lite bibliotek!
Kalenderen er sett saman av 24 handplukka, nyomsette tekstar frå verdslitteraturen – kvar av dei utgitt som si eiga, trådinnbundne hardcoverbok og samla i ein dekorativ boks.
Som klassikarserien blir også julekalenderen eit høgkvalitetsprodukt, eit samspel av utsøkte tekstar, nydelege omsetjingar, høgverdig materiale og produksjon.
Bøkene blir trekte i tekstil i fire ulike fargar og samla i ein stilfull, spesialdesigna kassett laga av vår prisvinnande illustratør og designar Andreas Töpfer. På ryggen vil dei silketrykte illustrasjonane danne eit bilete som kan setjast saman fritt. På den måten blir kalenderen aldri heilt lik frå år til år, og frå stove til stove, og kan takast fram att og lesast på nytt kvar einaste desember.
Utvalet inneheld tekstar av meisterlege forteljarar som Oscar Wilde, Fjodor Dostojevskij, E. T. A. Hoffmann, Selma Lagerlöf, Charles Dickens, Kate Chopin, Lev Tolstoj, Bolesław Prus, Maurice Maeterlinck og Fernando Pessoa – for å nemne nokre.
Skalds klassikarkalender er ikkje berre ein julekalender, men eit gjennomarbeidd leseverk i 24 delar – eit objekt for både auge, hand og sjel, laga for å vare og for å overraske kvart år på nytt.