Tanken hadde knapt slått meg før han begynte å verke, som ei sterk gift.

Stefan Zweig blir rekna som den store meister i novellekunsten. Saman med Thomas Mann blir austerrikaren rekna som den mest lesne tyskspråklege forfattaren i mellomkrigstida. På 1920-talet var Zweig den mest omsette forfattaren i verda.

Zweig reiste sjølv mykje, og verka hans er lagt til mange ulike stader i verda. Handlinga går ofte føre seg på reiser, på hotell, på skip, i tog, og forfattaren rører seg tilsynelatande uanstrengt rundt blant ulike personar, skjebnar og stader.

I novellene sette den stadig reisande forfattaren ord på kjensla av å vere undervegs. Kombinasjonen av øm psykologisk innsikt og fengslande, scenisk forteljarkraft gjer at tekstane hans verkar like levande i dag som då dei blei skrivne. Mange av dei har blitt filmatiserte. Den populære filmen The Grand Budapest Hotel (2014) smeltar saman inspirasjon frå fleire av Zweigs verk.

Etter nazistane si maktovertaking i 1933 blei Zweig tvungen ut i eit omflakkande eksil. Via England, USA, Paraquay og Argentina hamna han til slutt i Brasil. Etterkvart miste han fotfestet i det tyske riket. Han måtte gi opp samarbeidet med sin gode venn og forleggar Anton Kippenberg frå Insel Verlag i Leipzig, verka hans blei forbodne og brende på bokbåla.

Den mest kjende av dei skjønnlitterære tekstane hans er Sjakknovelle, der han makta å kombinere forteljarevna si med den såre krigserfaringa. Denne la han siste hand på dagen før han tok livet sitt saman med kona, Lotte, i den vesle byen Petrópolis utanfor Rio i 1942.

Utvalet i denne samlinga består av Måneskinssmauet (1922), Brev frå ei ukjend kvinne (1922), Den usynlege samlinga (1927), Uventa innføring i eit handverk (1931) og Sjakknovelle (1942). Av desse har berre Sjakknovelle tidlegare kome ut på norsk.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2019
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
232 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, silketrykk, offsettrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes, Stefan Ellmer, Andreas Töpfer
Omsetjing: Øystein Vidnes

ISBN 9788279592860

Sagt om boka:

«Ein treng ikkje vita noko om Zweig for å lesa og lika Sjakknovelle og dei fire andre tekstane som er samla i denne utgjevinga; dei står støtt på eigne bein. […] Som alle bøkene i Skald forlag sin prislønte serie med klassikarar på nynorsk, er Sjakknovelle og andre tekstar presentert i eit stilreint, moderne design som gjer ho både god å lesa og fin å ha i bokhylla.»

«En stor litterære opplevelse – og samtidig dypt rørende.»

«Leser du Sjakknovelle og andre tekstar, vet du at du er i selskap med millioner av lesere verden over. […] Lidenskaper skildres med stor innlevelse i Stefan Zweigs noveller.»

«Stefan Zweig skreiv gode noveller om det vesentlege i mennesket. […] Sjakknovelle er ei spennande og fascinerande forteljing, og eit bilete av verda som ikkje er presentert med taktstokk og fasit.»

«De tette, suggererende novellene i dette utvalget, beveger seg på overflaten av den borgerlige kulturen Zweig kjente så godt.»

«Lenge før Bobby Fischer og Boris Spasskij, ledsaget av den kalde krigens ideologiske over­ toner, møttes ved VM­brettet på Island i 1972, har Zweig modellert et sjakkparti som humanitetens symbolske arena.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk