Oselvaren er Noregs nasjonalbåt og vart i 2016 som første norske bidrag teke opp i UNESCO-lista for gode vernepraksisar i immatrielt kulturvern. I samband med dette gir Skald forlag og Oselvarklubben ut praktboka Oselvar – den levande båten.

Oselvar er ein tradisjonell klinkbygd trebåt frå Hordaland. Båten har vore mest vanleg som bruksbåt frå Bømlo i sør til Fedje i nord, men ein finn døme på bruk av han langs heile Norskekysten, på Shetland og på Orknøyane. Med framleis levande byggje- og brukstradisjon skil båttypen seg frå mange andre tradisjonsbåtar.

Praktboka utgjer den fyrste samla framstillinga av mangfaldet i Oselvarens historie, og presenterer eit variert historisk og teknisk materiale i populærvitskapleg form. Mykje av dette har ikkje tidlegare vore publisert. Boka inneheld tekst, bilete, tabellar, kart, figurar og teikningar og gamle fotografi. Vidare rommar boka folkloristisk stoff med eit stort persongalleri samt ei rekkje element kring immateriell kulturarv og handlingsboren kunnskap. Boka speglar kyst-, idretts- og folkekulturen på Vestlandet gjennom fleire århundre, med avstikkarar langs heile Norskekysten og til utlandet. Fokuset i boka er òg framover i tid, med praktiske råd til nye båtbrukarar.

Oselvar – den levande båten er eit praktverk som vil bidra til auka forståing av kor sentral båten er i den nasjonale kultursoga.

2016
Nynorsk
24,5 x 30,0 cm
548 sider
Innbunden i kvartbind i tekstil, foliepreg, utbrettsider.
2. opplag (2017)

Formgjeving: Torill Stranger

ISBN 9788279592440

Sagt om boka:

«Dette er en bok som hører hjemme i bokhyllen til alle som er glad i kystkultur.»

«Et fantastisk billedmateriale og en leksikalsk detlajrikdom gjør denne boka til en reise gjennom historien.»

«Det er et veldig materiale som er samlet mellom to permer, det skal godt gjøres å finne noe nytt etter dette. Anbefales varmt.»

«Boken om Oselvaren er det mektigste verk jeg noen gang har sett.»

«Man sitter igjen med en følelse av at man får ta del i hver eneste hendelse i Oselvarens historie igjennom de 550 sidene boken er på. Rett og slett et mesterverk!»

«Boka er den ultimate, våte draumen til kvar ein trebåt-entusiast kysten rundt. Dette overflodshornet av eit monumentalverk utgjer den første samla framstillinga av mangfaldet i Oselvarens historie.»

«Det grafiske designet er fabelaktig gjort.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk