I nær femti år har Oddleiv Apneseth fotografert menneske og landskap med ei sjeldan evne til å fange det som ligg under overflata. Med eit skarpt blikk for menneske og situasjonar har han utvikla eit særeige uttrykk i spennet mellom dokumentar og kunst. Bileta er konkrete og gåtefulle på same tid – rå, poetiske og uventa.
Monografien Oddleiv Apneseth samlar eit breitt utval frå heile kunstnarskapen og inneheld ein kunstfagleg tekst av Sigrid Lien, professor i kunsthistorie, og ein kunstnarsamtale med Frode Grytten.
Denne påkosta produksjonen med stor vekt på biletkvalitet, materiale og bokdesign, klokt utforma av grafisk designar Silje Nes, er eit nært møte med ein av dei mest sentrale kunstnarskapane i norsk fotografi.
Boka blir lansert i samband med den store separatutstilling Det tredje auge som opnar 6. november 2026 på Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde.