Norges låver er ei praktbok som med heile 564 sider og over 1000 foto er det største verk som er laga om denne delen av norsk kulturhistorie. Boka fortel historia om den norske låven, det viktigaste uthuset i norsk landbruk, eit ikon i det norske landskap.

Fotograf Oddleiv Apneseth og journalist Eva Røyrane har reist gjennom alle fylke for å dokumentera det svært mangfaldige norske låvelandet. Med bonden sitt uthus som utgangspunkt, fortel dei landbrukshistorie og kulturhistorie, men også ei historie om Norge i dag.

Låven har vore landemerke i det norske kulturlandskapet i fleire hundre år og er eit signalbygg som viser den sentrale posisjonen bonden og landbruket famleis har her i landet. Forfattar og fotograf har oppsøkt både særeigne og representative låvar landet rundt. Dei presenterer mangfaldet frå velhaldne til forfalne låvar og frå tradisjonelle til arkitektteikna låvar. Dei viser nyare tids spesialiserte driftsbygningar og gamle landbruksbygg som har fått nytt innhald gjennom nye former for næringsverksemd. Boka er såleis eit referanseverk som viser dei mange ulike geografiske variantane, dei arkitektoniske kvalitetane og kulturminneverdien til denne bygningen.

Norges låver er på same tid eit nasjonalt praktverk og lokalboka for heile landet. Boka samlar historia om ein viktig del av vår felles kulturarv, før den ikkje lenger lar seg dokumentere.

2014
Nynorsk
24,0 x 23,0 cm
564 sider
Innbunden med halvbind i tekstil, foliepreg og lakk, rikt illustrert med over 1000 låvefoto.
5. opplag

Formgjeving: Torill Stranger, Aud Gloppen
Foto: Oddleiv Apneseth

ISBN 9788279592044

Sagt om boka:

«Den raudmåla låven har fått si eiga kultbok.»

«Denne boka er ein honnør til låven og ei påminning om at bygningsarven til bonden handlar om meir enn vakre våningshus og staselege stabbur.»

«Skald forlag er kvalitet, og har satsa på særs dyktige handverkarar.»

«Ei gullgruve av ei bok. Arbeidet som er lagt ned i det er beint fram imponerande, og boka fortener mange lesarar.»

«Ei makelaus bok. En hjertelig takk til Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth og til Skald Forlag som i forhold til folketallet må være verdens beste forlag.»

«En imponerende dokumentasjon av låvebygningens kulturhistorie og dens ikoniske plass i jordbrukets kulturlandskap.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk