Så lenge folk har halde seg med båtar, har det vore bruk for naust som ly for vind og vêr. For fiskarbonden var naustet ein like viktig driftsbygning som løa, men i dag er det annleis. Mykje tyder på at det norske naustet som kulturhistorisk landemerke står i fare for å forsvinne, og det i eit høgt tempo.

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth bestemte seg for å reise langs heile norskekysten for å finne ut korleis det eigentleg står til med nausta våre, og på vegen fann dei både forfall, håp, og ein overraskande mangfaldig og rik tradisjon.

Nausta står tett på havet og byggeskikken er forma av naturen rundt dei. Nokre naust klorer seg fast på vêrharde nes, andre ligg fredelege som trygge hamner inst i ein fjord. Nokre går i eitt med landskapet, som dei sjøsamiske naustgammene, andre står som små fyrtårn i landskapet til minne om ei anna tid.

Gjennom tekst og bilete dokumenterer dei den utsette og ofte nedproiriterte delen av kulturhistoria vår for ettertida, men vi får òg møte eldsjeler som går føre med gode eksempel på korleis naust kan bergast gjennom restaurering og vern.

Naustlandet er den nyaste i rekkja av bøker som dokumenterer verdfulle bygningstradisjonar i Noreg, etter suksessane Norges låver, Av stein, Klyngetunet og Vestlandshus.

NB: Uheldigvis har det falt ut nokre setningar i designdokumentet etter at satsen var godkjent til trykk. Vi beklagar dette stort. Her kan du laste ned den manglande teksten (merka med gult i dokumentet).

2025
Nynorsk
24,0 x 23,0 cm
456 sider
Innbunden med tråd og trykt i sylskarpt offset-trykk

Formgjeving: Silje Nes
Foto: Oddleiv Apneseth

ISBN 9788279594055

Sagt om boka:

«I Naustlandet seier dei mange fotografia til Apneseth meir enn tusen ord, for fotografia syner at det står sånn passeleg til med nausta langs kysten.

Fotografia lukkast å fange brytninga mellom gammal og ny tid i korleis nausta er dimensjonert i landskapet.
»

«Denne boka har eg drøymt om. […] Boka maktar å vekkja til live lengten til fjøra, det å kjenna skjelsand under støvlane, glatte berg og tangdekte steinar.»

«Sammen maner de frem fortiden vår, livene til fiskere og bønder, livene til besteforeldrene, oldeforeldrene og generasjonene før, som om bøkene utgjør en siste rest av hukommelse, en stillferdig hvisken: Det er dette vi kommer fra, det var sånn vi pleide å leve her.»

«Naustlandet er ei opplysande og vakker bok om sentrale bygningar i kystkulturen vår frå eine landsenden til hin. »

«Det Naustlandet gjorde, var å hensette meg til en bestemt sinnsstemning. En vederkvegende påminnelse om hvordan både folk og hus har hatt en annen tilstedeværelse i verden enn det jeg har. Mye langsommere. Betraktelig hardere. Og muligens mer meningsfull.»

«Alle stader verkar denne arkitekturen å vera so godt tilpassa omstenda i naturen, ein får so lyst til å vera der, ilag med desse nausta. Eller, som ei trøyst, i boka, denne fine, verneverdige boka.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk