Eg var berre ein liten svart katt, og verda glodde mistruisk på meg og hysja, hysja, hysja på meg.

Lausgjengar skildrar det turbulente livet til ei ung omstreifande kvinne i Japan på 1920-talet. Ho går frå jobb til jobb, alltid kortvarige, aldri godt betalte. Ho er alltid blakk, opplever vonbrot etter vonbrot, men gir aldri opp. Av lengten – etter mat, ein stad å bu, pengar og kjærleik – skaper forfattaren ein ny og djerv litteratur frå undersida av det japanske samfunnet.

Hayashis debutverk kan lesast som eit opprør mot den klassiske japanske dagboktradisjonen, der aristokratiske kvinner skreiv vakre dagbøker fylte av dikt om ulukkeleg kjærleik. Inspirert mellom anna av Knut Hamsuns Sult, skreiv Hayashi med utgangspunkt i sitt eige liv, rått, upolert og direkte, men òg med stor humor og poesi. Ho er ingen intellektuell forfattar, ingen sofistikert, høglitterær stilist, men skriv i eit språk som verkar tilforlateleg og folkeleg der ho kombinerer modernisme med munnleg forteljarstil.

Boka omhandlar perioden 1922–1930, altså frå forfattaren sjølv mellom 18 og 26 år. I desse åra lausreiv Hayashi seg frå foreldra og drog til Tokyo, der ho begynte å skrive samstundes som ho livnærte seg gjennom eit vell av ulike jobbar som hushjelp, serveringsdame, cellulosefabrikkarbeidar, ekspeditrise og jordmorassistent.

Då boka kom ut, vart ho straks ein suksess og er i dag eit av dei mest vesentlege verka i Japans litteraturkanon.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2021
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
260 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, svart silketrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes, Andreas Töpfer, Stefan Ellmer
Omsetjing: Ika Kaminka

ISBN 9788279593287

Sagt om boka:

«Fumiko er fattigdronninga, med ung kropp og slite hjarte. Det er vanskeleg ikkje heie på henne. […] Det er uvanleg frisk for si tid. »

«Ho er fattig og svolten, men har ikkje tenkt å gi seg, forteljaren i denne friske, feministiske klassikaren frå Japan. […] Sjølv når ho skriv om sorg og tungsinn, gjer Fumiko Hayashi det på ein lett og frisk måte, med skråblikk og humor. […] «Lausgjengar» er inga dum sommarbok — med Fumiko Hayashi som guide, vert «reisa» til Japan morosam. »

«Oppkvikkende lesing. […] Fumiko Hayashis upolerte fattigdoms-skildring fra 1920-tallets Japan er preget av høyt humør.»

«Ika Kaminka har, som alltid, gjort ein særs god jobb med å ta vare på dei ulike språklege nivåa i teksten, frå høglitterær stil til udanna dialekt. »

«Fumiko Hayashi skildrar eit liv som er til forveksling likt det ein kan finne i norske avantgardistiske kunstnarmiljø.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk