Nesten 90 % av innbyggjarane ved Sognefjorden er medlemer i Den norske kyrkja, men kva er eigentleg deira forhold til kyrkjesamfunnet? Er dei medvitne om at det er dei som er kyrkja?
I løpet av eit år intervjua og fotograferte sokneprest i Leikanger, Egon Askvik, over hundre sokneborn i alle aldrar. Det vart samtalar om livet, kyrkja og gudstru.
Kyrkjefolk er ei brei samling av portrett og kaster lys over den norske kyrkje slik ho er og opplevast i dag.