Boka gir eit overblikk over samtidskunsten i Sogn og Fjordane i 2012, og gir samtidig eit innblikk i kunstnarskapen til 52 individuelle samtidskunstnarar frå fylket. Dette er første bok i kunstbokserien MYNDIR utgitt i samarbeid mellom SKALD og Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
KUNSTsf2012 gir eit innblikk i kva kunstnarane i Sogn og Fjordane jobbar med idet fylket får sitt nye kunstmuseum. KUNSTsf2012 er samtidig ein statusrapport som peikar på tendensar og samlande trekk for fylkets kunstliv anno 2012.
I boka er kunstverka frå opningsutstillinga til det nye kunstmuseet samla mellom to permar. Biletkunstnarane og kunsthandverkarane frå fylket vart inviterte til å delta med nye arbeid i dette prosjektet. Dette er Sogn og Fjordane her og no!