Malaren og grafikaren Knut Ruhmor er ein av dei mest profilerte nonfigurative kunstnarene frå midten av forrige århundre. Han er mellom anna kjend for ekspressive landskapsmaleri med utgangspunkt i vestnorsk natur. Då han døydde i 2002, etterlet han seg ei rikhaldig samling av maleri på Frønningen i Sogn og Fjordane og i Oslo. Boka Knut Rumohr – TEMPERAment tek utgangspunkt i denne samlinga.

Maleria er frå tida 1939 til 1998, med vekt på 1980- og -90-åra, og er difor representative for Rumohr sitt arbeid og utvikling. Knut Rumohr –TEMPERAment handlar meir om malaren enn grafikaren Knut Rumohr, med fokus på utviklinga over tid i Rumohr sine abstrakte temperamaleri. Forfattaren Ingrid Norum ser på teknikk, kunstnarleg temperament, uttrykk og innhald, og setjer han inn i ein vestlandsk, norsk og internasjonal samanheng. Ho reiser spørsmåla om korleis han vart han motteken av kritikarane i si samtid, korleis har han vorte omtala i den norske kunsthistoria, og om der finst myter om Rumohr som står for fall.

Boka har norsk og engelsk tekst, og er den fjerde utgjevinga i kunstbokserien MYNDIR. Tidlegare utgjevne bøker i serien er KUNSTsf2012, Tech-Stiles og Trekk. Knut Rumohr – TEMPERAment vert utgitt i samband med ei utstilling med same namn som vert vist ved Sogn Kunstsenter i Lærdal fram til hausten, før ho reiser vidare til Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde i oktober.

2014
Nynorsk/engelsk
19,9 x 24,5 cm
128 sider
Innbunden, skoren på blokk

Formgjeving: Silje Nes

ISBN 9788279592112

Sagt om boka:

«Årets "deiligste" kunstbok.»

«Ingrid Norum og Skald forlag har laget en kunstbok om Knut Rumohr som det gjør godt å lese, godt å se, den er god å kjenne på.»

«Et lite bokkunstverk i seg selv.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk