I Angelika Klüssendorfs kritikarroste oppvekstroman frå DDR møter vi ei namnlaus tenåringsjente og følgjer oppveksten hennar frå tidleg tenåra til 17. årsdagen. Ho er tøff og den raskaste i klassa i langdistanse. Jenta elskar bøker, kan fortelje historier og får dei andre til å le. Ho er forelska i ein eldre gut, akkurat som dei andre jentene.

Men jenta veks opp i ein familie i oppløysing. Mora orkar ikkje å vere mor, og den alkoholiserte faren er fråverande. Broren er for liten til å gi opp håpet om at ein dag skal alt bli betre. Jenta prøver å rømme frå det som omgir henne: familien sitt tyranni, dei systemtru lærarane, den autoritære staten.

I forfattaren Angelika Klüssendorfs litteratur møtest ytterpunkta, det sterke treff det svake, det støyande det stille. Jenta er skjør og samstundes brutal, historisk og aktuell.

Den norske utgjevinga er støtta av Goethe institutt.

2013
Nynorsk
12,5 x 19,0 cm
160 sider
Innbunden med smussomslag, lakk.

Omsetjing: Øystein Vidnes

ISBN 9788279591894

Sagt om boka:

«Disse to romanene av Klüssendorf er knallbra.»

«Denne mørke oppvekst-skildringen kunne like gjerne utspilt seg i Norge. […] Øystein Vidnes har gjort en utmerket jobb, spesielt med å ikle romanens lett impresjonistiske stil en norsk språkdrakt.»

«Omsetjinga til Øystein Vidnes fangar tonen i Klüssendorfs presise og urovekkjande prosa. Han har lytta seg fram til røysta til den utsette jenta, og gjenskaper dei mørke erfaringane hennar i eit språk som i si tilbakehaldne, nesten distanserte form aktiverer lesarens kjensler, tankar og refleksjonar.»

«Boken gir et blikk inn i tilværelsen til de underpriviligerte i et samfunn som hadde det som offisiell politikk at det ikke skulle finnes noen underpriviligerte.»

«Dette er ikke bare en historie om ei jente, men om mange jenter over hele verden, uavhengig av tid og sted.»

«Noe av det mest originale ved boken er kanskje skildringene av et DDR på syttitallet, som tross fattigslige forhold egentlig mest av alt er preget av normalitet.»

«Ein av dei mest radikale og rørande oppvekstromanane i det tyske språket. Ingen tvil: Jenta til Angelika Klüssendorf er ei heltinne for vår tid.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk