Det er ikkje reint lite her i verda, veit du, som blir steikt eller kokt.

Katherine Mansfield var ein av dei verkeleg store fornyarane av den moderne novella, og ein sentral figur i den engelskspråklege modernismen. Fødd i Wellington, New Zealand, levde ho størsteparten av livet sitt i Europa, der ho, som ein outsider i dei litterære miljøa i London, utvikla ein særeigen forfattarskap som skildra menneskelege relasjonar med ein psykologisk presisjon og eit intenst nærvær.

Novellene hennar var radikalt annleis enn alt som hadde kome før: fragmentariske, stemningsmettande og utan dei tradisjonelle plotta. I staden lét ho små augneblink av innsikt og kjensle bere forteljingane.

Hageselskapet og andre forteljingar er høgdepunktet i forfattarskapen hennar – skrivne dei siste åra av livet, då ho var alvorleg sjuk, men på sitt mest kunstnarleg klarsynte. Novellene fangar overgangane mellom barndom og vaksenliv, mellom sosial konvensjon og sårbar erkjenning.

Den nyskapande stilen til Mansfield fekk varig innverknad på moderne litteratur. Forfattarar som James Joyce og D.H. Lawrence lét seg inspirere, og ikkje minst Virginia Woolf, som både beundra og konkurrerte med henne i eit av modernismens mest fascinerande litterære venskap.

Mansfields evne til å gi det kvardagslege ein glød av innsikt har gjort henne til ein klassikar i verdslitteraturen – og til ein forfattar som stadig blir lesen som om ho skreiv i går.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2026
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
260 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar, heiltrukken i tekstil, kvitt silketrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes, Andreas Töpfer, Stefan Ellmer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Tove Bakke

ISBN 9788279593980

Sagt om boka:

«Bakke har fått et skikkelig grep på stilnivået i de ulike tekstene, og slår til, noen ganger, med språklige kinaputter som lite grann tutlen og Å, tåta på deg mor. Den fleksible nynorsken kler Mansfields detaljrike og nyanserte fortellestil.»

«Det er for øvrig ingen tvil om at Mansfield kler en nynorsk språkdrakt. Særlig humoren kommer godt frem i Tove Bakkes briljante oversettelse. Det må også være lov å si at Andreas Töpfer og Øystein Vidnes virkelig har overgått seg selv. Den fysiske boken er usedvanlig vakker. Dette er kort sagt vidunderlige greier.»

«Katherine Mansfield skriv sanseleg, levande og truverdig.
[…] Noko av det som slår ein mest under lesinga, er dei gode skildringane av lys og fargar, som omsetjaren Tove Bakke, som har gjort eit framifrå arbeid, også nemner i etterordet.
»

«Bokkunst må det kalles, det Øystein Vidnes og Andreas Töpfer presterer her.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk