Kvinna som klemde han, var kokka, og no forstod de vel kva som hende med majonesen?

Felâtun bey og Râkım efendi (1875) er eit av dei mest kjende verka til den folkekjære tyrkiske forfattaren Ahmet Mithat. Det er ein samtidsroman frå Det osmanske riket, skriven i ein periode prega av vestleggjering. Romanen kan både lesast som ein parodi på feilslått europeisering og som eit bidrag til å setje tradisjonelle samfunnsordningar under debatt.

For å balansere impulsane frå aust og vest, skaper forfattaren to parallellfigurar. Felâtun bey, den europeiserte snobben, lever eit dekadent liv, med alvorlege følgjer. Motspelaren Râkım efendi representerer tradisjonelle, muslimske verdiar og arbeidsmoral.

Stilistisk kombinerer Ahmet Mithat impulsar frå populære europeiske føljetong-romanar med ironien i den orientalske forteljartradisjonen og skuggeteateret. Romanen er også eit interessant tidsdokument som gir lesaren eit unikt innblikk i Istanbul på slutten av 1800-talet.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2020
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
224 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, silketrykk.

Formgjeving: Stefan Ellmer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Gunvald Axner Ims

ISBN 9788279593102

Sagt om boka:

«Boka er ironisk, munter og småfrekk, men syner òg fram konfliktar. Ims nytter i si spretne og energiske omsetjing eit spekter av kraftfulle og folkelege vendingar: ei kvinne er 'ei kraftig, fransk dundre' og ei bukse som sprekk 'trong som eit pølseskinn'. Resultat er ei norsk bok der 150 år gamle karakterar og omstende vert særs levande.»

«I sommer skjedde det en aldri så liten begivenhet: For første gang forelå en osmansk roman i norsk oversettelse.»

«Sjarmerande roman frå ei kulturell brytingstid.»

«Med oversettelsen av Felâtun bey og Râkım efendi får også norske lesere muligheten til å dykke ned i en ikke altfor fjern fortid, der spørsmålene som reises kan bidra til å nyansere vårt eget bilde av dagens Tyrkia så vel som av gårsdagens.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk