Fruktdyrking har lange røter i norsk historie, og frå gamalt av har det vore dyrka eit rikt mangfald av ulike fruktsortar her i landet. For aller første gong er dei heimlege sortane av eple, plommer og pærer samla i eit oppdatert praktverk.
Frå 1800-talet vart det gitt ut vakre, illustrerte pomologiske bøker i Europa, der unike fruktsortar blei presenterte og vist fram. I Noreg kom Norsk Pomologi. Bind I: Epler ut i 1939, følgt av eit band om pærer i 1958. Den planlagde boka om plommer kom aldri ut.
Eple, pære, plomme skriv seg inn i denne boktradisjonen med sine korte, informative tekstar og tilhøyrande kunstverk som skildrar dei ulike sortane i detalj.
Denne praktboka er rikt illustrert med detaljerte, handmåla akvarellar av Hege Gjerde Sviggum og løftar fram over 130 sortar som har vore vanlege i norske frukthagar gjennom historia. I tillegg til omtale av kvar enkelt sort, får du innførande artiklar om tradisjonell fruktdyrking, skadedyr, plantehelse og lagring.
Boka er ei kjærleikserklæring til norsk fruktdyrking som både dokumenterer kunnskap som er i ferd med å forsvinne og inspirerer oss til å ta vare på dei gamle kulturarvssortane.