Boka er eit dokumentarisk samtidsportrett av Sogn og Fjordane Teater der forfattar Marita Liabø og fotograf Oddleiv Apneseth følgjer dei tilsette i ord og bilde gjennom året og viser mangfaldet framfor og bak sceneteppet. Med heilt spesielle grafiske og kunstnariske kvalitetar har den prisroste bokdesignaren Aud Gloppen skapt eit særeige stykke bokkunst.
Tre bilete frå boka er presenterte på New tork Times sin fotoblogg.