Eg ville vere aleine på ein heilt usedvanleg og ny måte.

Ein, ingen og hundre tusen (1926) er ein surrealistisk, vittig, skarp og reinskoren monologisk roman. Hovudpersonen Vitangelo Moscarda oppdagar at nasa hans er skeiv, noko som kastar han ut i ei djup identitetskrise. Romanen er sett på som det mest konsentrerte og klaraste uttrykket for Luigi Pirandellos syn på livet som eit narrespel. Nobelprisvinnaren skreiv romanen over ein periode på 19 år, frå 1907 til 1926, åra då han produserte dei mest kjende verka sine og meisla ut sitt eksistensialistiske menneskesyn.

Pirandello blir ofte samanlikna med Samuel Beckett, og verka hans er minst like grunnleggjande for 1900-talets nyskapande litteratur. Det litterære språket hans er filosofisk reflekterande, men beintfram og ber preg av at forfattaren hadde føtene godt planta i den sicilianske landsbygda.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2020
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
220 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, silketrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes, Andreas Töpfer, Stefan Ellmer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Kristin Sørsdal

ISBN 9788279593263

Sagt om boka:

«Ein sprell levande roman om den uvisse identiteten.»

«For meg var boka ei enorm oppleving, som gav meg større innsikt i meg sjølv. Eg blei både stor og lita. Eg blei meg, i mi røynd, og eg blei ei eg ikkje kan definere. Det er du som får sjå henne, kva gir du meg?»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk