Jon Fosse har omsett og gitt ut ei rekkje bøker på Skald. Felles for dei er at det er verk som han sjølv meiner har vore svært viktige for hans forfattarskap. I tillegg til moderne klassikarar, er han inspirert og oppteken av dei norske sogene, som han har omsett til nynorsk. I høve nobelprisen i litteratur gir vi ut begge sogene og dramaet Edda i ein eigen serie. Omslagsillustrasjonane er handteikna av Stefan Ellmer og inspirert av Codex Regius.

Gudedikta i det som i dag vert kalla Den eldre Edda, har levd i folkemunne i uviss tid før dei blei skrivne ned på Island på 1200- og 1300-talet. Samlinga har blitt gjenoppdaga på midten av 1600-talet og sidan, saman med Snorre-Edda (Den yngre Edda), vore det mest sentrale verket i den norrøne mytologien.

Den sceniske versjonen til Jon Fosse byggjer på fleire av dei kjende dikta som Voluspå, Vavtrudnesmål, Grimnesmål, Trymskvida, Loketretta og Balders draumar.

Fosse har gitt dikta si personlege form. Han har skrive ein dramatisk dialog med sterke musikalske og rytmiske kvalitetar, og han maktar å flytte historiene nær oss, samstundes som han held forteljingane og ideane framande og fjerne.

2023
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
176 sider
Trådinnbunden, trykt i offset-trykk.

Formgjeving: Rune Døli
Illustrasjon: Stefan Ellmer

ISBN 9788279593812

Sagt om boka:

«Gudene tar ordet fra hverandre på en måte som er veldig organisk og som har en egen musikalitet og rytme.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk