Jon Fosse har omsett og gitt ut ei rekkje bøker på Skald. Felles for dei er at det er verk som han sjølv meiner har vore svært viktige for hans forfattarskap. I tillegg til moderne klassikarar, er han inspirert og oppteken av dei norske sogene, som han har omsett til nynorsk. I høve nobelprisen i litteratur gir vi ut begge sogene og dramaet Edda i ein eigen serie. Omslagsillustrasjonane er handteikna av Stefan Ellmer og inspirert av Codex Regius.

Soga om Torstein Vikingsson fortel på fantastisk vis om Viking, bonden frå Sogn, og sonen Torstein. Vikingferda til far og son fører oss frå garden i Sogn, gjennom Noreg, Sverige og heilt til Indialandet.

Torstein er far til Fridtjov den frøkne, helten frå ei av dei mest kjende norrøne sogene, Soga om Fridtjov den frøkne som er også er utgitt i denne serien. Begge er omsette frå gamalnorsk til nynorsk av nobelprisvinnar Jon Fosse.

Denne handlingsmetta fornaldersoga frå mellomalderen er underhaldande lesnad med både hærferder, trolldom, kjærleik og hat.

2023
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
144 sider
Trådinnbunden, trykt i offset-trykk.

Formgjeving: Rune Døli
Illustrasjon: Stefan Ellmer
Omsetjing: Jon Fosse

ISBN 9788279593805

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk