Bestseljaren som heile landet vil ha!

Gunnar Garfors er kjent for å ha besøkt alle land i verda. No har globetrottaren pakka sekken for å oppdage eige land og spora opp dei mest unike og undervurderte stadene i Norge. Stader som ikkje nødvendigvis ligg så veldig langt utanfor allfarveg, men der mange av oss suser rett forbi på veg til meir populære reisemål.

Interessa for å reise i eige land har eksplodert det siste året, men mange av oss reiser først og fremst til dei mest kjende attraksjonane. Men treng vi det eigentleg? I boka viser Garfors fram orginale reisetips i heile landet. Dette er ikkje ein tradisjonell reiseguide, men ei bok til inspirasjon for dei som er leie av å reise i kø og oppleve akkurat det same som naboen.

Garfors vil opne auga våre for vårt eige vesle land: Større enn til dømes Tyskland, Japan og Filippinane; med 104 byar, 356 kommunar, nesten 1 800 fjordar, over 13 000 fjelltoppar i tillegg til 320 000 øyar og skjær. For ikkje å snakke om verdas tredje lengste kystline.

Bærekraftig produksjon, trykt på svanemerka trykkeri i Noreg!

2021
Nynorsk
17,0 x 21,0 cm
320 sider
3. opplag
Innbunden, illustrert

Formgjeving: Øystein Vidnes

ISBN 9788279593300

Sagt om boka:

«Garfors er jordnær og ujålete, i kontrast til influenser-bevegelsen som byr mest på seg selv […] Han har virkelig lagt seg i selen, og han byr på ferskvare.»

«Det er de fine historiene fra hvert sted som gjør dette til en leseverdig bok. Garfors lytter til sitt vertskap og får fram spennende anekdoter og festlig kuriosa.»

«Med dette praktverket av en bok, med vakre bilder og nære historier fra lokalbefolkningen får du garantert inspirasjon … og du kommer i alle fall til å drømme deg bort.»

«En nytelse er det å bla i og lese Gunnar Garfors siste bok «Bortom allfarveg» […] så mange detaljer, så mange gode bilder, og så mye innsikt i stedene som besøkes, at det er en fryd for både leseøyet og bildeøyet. […] Legg i vei og ta med deg «Bortom allfarveg» i sekken.»

«Fantastisk bok! Mange fine reisetips.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk