Arkitekt Peter Helland-Hansen (1917–1984) teikna tidlause einebustader og restaurerte våre vakraste kyrkjer, men sette endå større spor etter seg som kulturvernar med ulike verv i Fortidsminneforeningen. Han aksjonerte tidleg for vern av trehusmiljøa i Bergen, og hans kløkt og milde diplomati kom til nytte i vitaliseringa av Bryggen. Som rådgjevar bidrog han til vern og fornying i universitetsområdet på Nygårdshøyden.

Interessa for eldre byggeskikk låg i botn for alt han gjorde. Når han teikna nye hus, var han oppteken av samspelet med landskapet, når han restaurerte, var det viktig for han å gjera synleg korleis bygningen hadde utvikla seg.

Denne boka fortel historia om arkitekten, restaureringsarkitekten og vernaren Helland-Hansen. Som student og aktiv motstandsmann hamna han i tysk fangenskap, og han jobba som arkitekt under gjenreisinga i Finnmark før han i 1950 vende heim til Bergen og mange ulike oppdrag på Vestlandet. Men kvar sommar gjekk turen til Olden, til familien sin feriestad med sommarkontor for arkitekten i Jo-stova.

2021
Nynorsk
24,0 x 22,5 cm
176 sider
Innbunden i kvartbind i tekstil.

Formgjeving: Silje Nes
Foto: Oddleiv Apneseth

ISBN 9788279593324

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk