Solmann og Anna Einebærholm bur i Gulen i Sogn og Fjordane. Dei er begge 80 år og har kjent kvarandre sidan dei var skolebarn. For seks år sidan fekk Anna eit slag som gav dei nye utfordringar. Men kvar vanske har Solmann løyst på sin eigen måte.

Då Anna blei liggjande på sjukehus i Førde eit halvt år, flytta Solmann på hybel rett bak sjukehuset. Då Anna kom tilbake til heimbygda og måtte bu på institusjon, tok Solmann henne med seg ut kvar dag på eit spesialkonstruert framkomstmiddel for at han og Anna skulle få komme seg ut i lag. Seinare blei Anna flytta til kommunesenteret, og Solmann reiste kvar dag med buss og rutebåt for å nå henne. Dei dagane rutegåande ikkje gjekk, køyrde han scooter 1,5 time kvar veg. Då scooterturen blei for farleg, kjøpte han seg båt og drog til Eivindvik, vèl ein time kvar veg, i all slags vêr.

I ord og bilde har Osland og Apneseth dokumentert Anna og Solmanns strev for å få vere saman, gleda dei har av kvarandre og styrken dei får frå kvarandre, trass i den vanskelege livssituasjonen. Boka fortel om det vedunderlege dei får til i lag og kva som er viktig for dei og oss alle.

Språket i boka er tilrettelagt for personar med lesevansker og spesielt tiltenkt dei som har hatt slag og har nedsett lese- og talefunksjon.

2013
Nynorsk
20,0 x 25,0 cm
88 sider
Innbunden med trykt overtrekk, gullfoliepreg og lakk.

ISBN 9788279591825

Sagt om boka:

«Vinnar av Ordknappen!»

«Boka om Anna og Solmann vert kanskje ikkje ein bestseljar, men ha takk for at slike soger kjem mellom stive permar. Ernest Hemingway sa at det er tre emne som er verd å skrive om. Det er havet, dauden og kjærleiken. I så måte er dette eit blinkskot frå Skald Forlag!»

«Ei bok for alle som kort og godt har eit forhold til kjærleik og andre menneske.»

«Historia om Anna og Solmann er ei fortelling om vilje og kreativitet.»

«Denne soga er som eit eventyr.»

«Ein får litt gåsehud når ein les boka.»

«Osland og Apenseth har skapt et originalt portrett som viser frem poesien i strevet, arbeidet, intimiteten og gleden som et samliv kan være.»

«Dette er ei annleis kjærleikshistorie. Allmenn og forståeleg, men likevel ikkje sjølvsagt.»

«En ekte fortelling fra virkeligheten som berører.»

«Ei eventyrleg vakker forteljing om livslang kjærleik […] formidla vakkert og usentimentalt av Erna Osland. Ho legg ikkje skjul på det som er vanskeleg. Kan hende er det nett derfor boka gjer så djupt inntrykk.»

«Ei vakker historie vert stødig fortalt. Av og til må ein smile av gamlingen sitt overmot. Av og til flør det i augene når du les om den maskuline omsorga.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk