Eg likar å ha utsikt men eg likar å sitje med ryggen til.

Gertrude Stein (1874–1946) var ein frontfigur i den modernistiske litteraturen og ein inspirator for mange kunstnarar og forfattarar i samtida. Ho viser at modernismen, om ofte vert knytt til dystre mannlege forfattarar, også var full av leik, uventa sprell og kvinner som ikkje brydde seg om konvensjonar. Stein har hatt stor påverknad på kunsten og litteraturen og blir i dag kalla «The Mother of Modernism».

Kultklassikaren Alice B. Toklas’ sjølvbiografi er ei verkelegheitsnær, underhaldande og tørrvittig roman om det spesielle, internasjonale kunstnarmiljøet i Paris i byrjinga av 1900-talet. Gertrude Stein levde store delar av livet i Paris, midt i sentrum av det som på alle måtar var ei viktig historisk og kunstnarisk brytingstid.

Verka hennar var så nyskapande og innovative at enkelte forlag trudde det hadde skjedd feil under maskinskrivinga av manus, men den verkelegheitsnære romanen om livet i Paris og miljøet rundt mange berømte kunstnarar blei ein publikumssuksess. Ved å skildre sitt eige liv gjennom auga til Alice, skapte Stein eit verk så annleis og nytt at det også i dag er overraskande lesnad.

Boka vart i si tid skulda for å utlevere folk på ein måte som gjorde at dei to kvinnene til slutt sat vennelause att. Gertrude Stein kan såleis vera eit døme på verkelegheitslitteraturen – i dag representert ved namn som Vigdis Hjort og Karl Ove Knausgård – langt frå er noko nytt fenomen.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2018
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
336 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, silketrykk, offsettrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes
Omsetjing: Brit Bildøen

ISBN 9788279592761

Sagt om boka:

«Boken er enkel, underholdende, spennende, rørende og veldig morsom å lese, spekket som den er med anekdoter, tørrvittigheter, alvor, intriger og stor kunstforståelse. […] Forfatteren Brit Bildøen har oversatt boken til et nynorsk som er en fryd å lese. […] Boken bør få mange nye lesere (og priser) i Norge med denne oversettelsen.»

«Brit Bildøens oversettelse er virkelig en berikelse for Steins setninger. Den likefremme og naivistiske stilen er fint bevart, og står godt til ordenes lydligeklang på nynorsk. […] En myriade av mennesker trer frem i Brit Bildøens oversettelseskunst.»

«Alice B. Toklas' sjølvbiografi er en sammensatt roman hvor fortid knyttes til samtid; liv skildres gjennom vekslende perspektiver, med ulike stemmer. […] Elegant i utførsel og språklige vendinger blir Gertrude Steins (egentlige) selvbiografi en interessant leseopplevelse.»

«Gertrude Steins fornøyelige fremstilling av giganter som Picasso og Hemingway er kanskje litt slem, men mest moro. […] Alice B. Toklas' sjølvbio­grafi er utmerket oversatt av Brit Bildøen.»

«For hundre år siden var en leilighet i Rue de Fleurus «den vestlige kulturens navle».»

«Rett og slett herleg lesnad. […] Gertrude Stein er vittig på ein humørlaus måte som gjer det vittige vittigare. […] Det åndelege rommet krumma seg kring Gertrude Stein på eit vis som i dag knapt er til å fatta.»

«På 1920-tallet ble hjemmet til forfatter Gertrude Stein og hennes kjæreste, Alice B. Toklas, et samlingssted for alle fremad-stormende kunstnere som ingen helt skjønte seg på ennå, blant annet Pablo Picasso og Henri Matisse. Helt til de alle ble grundig utlevert i Alice B. Toklas' sjølvbiografi!»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk