PERSONVERN

Skald handsamar personopplysningar om kundar og brukarar av dei produkta og tenestene vi tilbyr. Nedanfor finn du informasjon om korleis vi handsamar opplysningar dine, kva vi gjer med dei, og korleis vi tar hand om personvernet. Vi lagrar opplysningar om deg berre i samband med eit kundeforhold til deg, inngåtte avtalar mellom deg og Skald eller når det er anna lovleg grunnlag for det.
Viss du har spørsmål om korleis Skald handsamar personopplysningane dine, kan du kontakte oss på forlag@skald.no.

Kundar i nettbutikken
Når du handlar på skald.no, tek vi vare på opplysningane du oppgir saman med kjøpshistorikken din. Vi lagrar kjøpsinformasjonen din, slik som namn, adresse, e-post, telefonnummer og kjøpshistorikk i samband med rekneskapslova og for å kunne oppfylle avtalen om kjøp med deg.

Mottakarar av nyhetsbrev
Sjå vilkår for påmelding til nyhendebrev frå Skald her.

Førespurnadar til kundeservice
Om du kontaktar oss med førespurnadar om produkta og tenestene våre via e-post, tek vi vare på opplysningane du oppgir. Dette gjer vi for å kunne følgje opp førespurnaden og gi deg tilbakemelding.

Deling av personopplysningar
Vi deler ikkje personopplysningar med mindre det er nødvendig for å oppfylle ein avtale med deg. Til dømes vil vi dele namn, e-post og adresse med distribusjonssentral for at du skal få levert ei vare. Vi deler òg personopplysningar med andre aktørar når vi nyttar andre underleverandørar for å oppfylle føremålet med produkta og tenestene våre. Underleverandørene våre får aldri tilgang til å handsame opplysningane til andre føremål enn dei vi har sjølv.

Datahandsamarar

  • Mailchimp: System for utsending av nyhetsbrev. E-postadresse og namn (viss oppgitt) lagrast her om du har gitt samtykke til det.
  • Peeky AS: Nettbutikkleverandør
  • Sentraldistribusjon AS: Sentraldistribusjon sender alle bestillingar av fysiske varer frå nettbutikken. Vi sender informasjon om ditt kjøp til dei, slik at du kan motta produktet du har betalt for. Informasjonen dei mottar er: namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse og kva for produkt som skal leverast.
  • Stripe: Betalingsfunksjon i nettbutikken.

Kvaliteten på opplysningane
Det er viktig at opplysningane vi har om deg, er korrekte og oppdaterte. Skulle opplysningar vere feil eller ufullstendige, kan du kontakte oss på forlag@skald.no.

Dine rettar
Om vi handsamar personopplysningane dine på bakgrunn av ditt samtykke, kan du kva tid som helst trekke tilbake samtykket ditt. Du har rett til å krevje innsyn i opplysningane vi handsamar om deg.

Informasjonskapslar
Nettsida skald.no brukar ingen informasjonskapslar (cookies), men vi gjer merksam på at tredjepartleverandørar kan bruke informasjonskapslar. Per i dag nyttar vi kun Issuu og YouTube som tredjepartleverandør på skald.no.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk