Virginia Woolf (1882–1941) var ein frontfigur i den moderne engelske litteraturen. Namnet hennar dukkar opp på tallause lister over dei viktigaste verka i verdslitteraturen, og ho har hatt enorm påverknad på utviklinga av den feministiske litteraturen.
Woolf debuterte som forfattar i 1915 og gav etter kvart ut verka sine på Hogarth Press som ho dreiv saman med ektemannen Leonard Woolf. Ho var ein av dei store pionerane innanfor den modernistiske litteraturen.