Vasco Pinhol (f. 1962) er fotograf, forfattar og omsetjar. Han har skrive mange artiklar frå reiser i ulike land, og i 2001 vann han Sølvpennen for beste magasinartikkel om Mexico det året. I åra 1995–2001 deltok han i internasjonale konkurransar i undervassfotografi, og seinere har han vore jury i dei same konkurransane.
Pinhol skriv framleis for portugisisk presse, sjølv om han har vore busett i Ålesund sidan 2011. Han driv eige firmaet Trolltegn, som leverer innhald innan foto, video og tekst. Han debuterte i 2017 med fotoboka A viagem que ainda ninguem fez, om 49 små landsbyar i Portugal.