Terese Moe Leiner (f. 1969) er grafisk designar busett i Oslo. Ho er utdanna ved Lansing Community College og Skolen for grafisk design/Westerdals og har bl.a. jobba som bokdesignar i Aschehoug forlag, JBR reklamebyrå og har vore designsjef i Gyldendal Norsk Forlag. Dei siste åra har ho drive Blæst design i lag med bl.a. Aud Gloppen. Ho har vunne fleire prisar i konkurransen Årets vakreste bøker og fekk Bokkunstprisen i 2005.