Robert Musil (1880–1942) vert sett på som ein av dei viktigaste forfattarar i den tyske modernismen, og er i dag mest kjend for det ufullenda hovudverket Der Mann ohne Eigenschaften (_Mannen uten egenskape_r). Musil har vore samanlikna med forfattarar som Franz Kafka, Thomas Mann, James Joyce og Marcel Proust. Men i motsetnad til sine forfattarkollegaer har Musil vore mindre kjend. I det litterære billaget i The Times frå 28. oktober 1949 vart han omtalt som «the most important novelist writing in German in this half-century», og samstundes «the least known writer of the age». Verka hans har seinare hatt stor påverknad på forfattarar som Thomas Bernhard, Elfride Jelinek, Milan Kundera og J. M. Coetzee. Livsverket til den austerrikske forfattaren omfattar både romanar, novellesamlingar, drama og essays, og mange av verka speglar bakgrunnen hans frå naturvitskapen og psykologien.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk