Ragnar Hovland (f. 1952) er fødd i Bergen, voks opp fleire stader på Vestlandet og bur no i Oslo. Han jobbar som forfattar, dramatikar, omsetjar og konsulent. Han er utdanna cand. philol. med engelsk, fransk og litteratur frå Universitetet i Bergen. Hovland debuterte som forfattar i 1979 og har skrive verk for både vaksne og barn. Han har vunne ei rekkje prisar, blant desse Brageprisen og Bastianprisen for beste omsetjing i 2008.