Øyvind Vågnes (f. 1972–2025) var forfattar og skribent frå Brattvåg på Sunnmøre, busett i Bergen. Romanane hans er utgitt på Tiden forlag. For romanen Ekko fekk han Nynorsk Litteraturpris. Han var tidlegare med i redaksjonen i litteraturtidsskriftet Vagant, og skreiv fast om musikk i vekeavisa Dag & Tid. Vågnes var også professor i medievitskap, tilsett ved Universitetet i Bergen og gav ut fleire fagbøker innan fagområdet.
I 2016 debuterte han som barnebokforfattar med bildeboka Den vesle blå haien. Han har også bidrege med ei forteljing i antologien Fantasiboka.