Nescio (1882–1961), eller Jan Hendrik Frederik Grönloh som han eigentleg heitte, er blant dei mest betydningsfulle moderne forfattarane i Nederland. Verka hans er eit fast innslag i skuleundervisninga og er alltid med når den beste nederlandske litteraturen opp gjennom tidene blir kåra.

Grønloh debuterte som forfattar i 1911 og under pseudonym. Først då han hadde ei trygg stilling som direktør i The Holland-Bombay Trading Company, og tekstane hadde begynt å bli ein snakkis blant unge forfattarar, avslørte Nescio sitt verkeleg namn i eit forord til 1933-utgåva. Etter at han slutta i direktørstillinga levde Grønloh eit tilbaketrekt liv, samstundes som verket hans fekk klassikarstatus i den nederlandske litteraturkanonen.

Nescio har lenge vore ukjent utanfor sitt eige språkområde. Først i nyare tid har dei tre novellene, som dannar hovudverket hans, blitt oppdaga i utlandet. I 2012 gav New York Review Books ut novellene under tittelen Amsterdam Stories, til strålande kritikkar. Eit artig samantreff er at det var Jon Fosse-omsetjaren Daimion Searls som gjorde den amerikanske forleggaren merksam på forfattarskapen.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk