Mary Wollstonecraft Shelley (1797–1851) var ein av dei aller første kvinnelege forfattarane i verda som ikkje skreiv under pseudonym. Det at ei kvinne i tillegg skreiv om tema som tradisjonelt vart sette på som klassiske emne for menn, gjorde henne banebrytande og til ein av dei aller viktigaste forfattarane i verdslitteraturen. Ho skreiv fleire romanar, men er mest kjent for den gotiske romanen Frankenstein (1818), som ofte vert sett på som det første eksemplet på science fiction-litteratur i verda.
