Line S. Hvoslef (f. 1965) er ein anerkjend norsk kunstnar med eit variert og nyskapande kunstnarskap. Arbeidet hennar inkluderer biletkunst, utsmykkingar og scenografi, i tillegg til tverrfaglege samarbeid med komponistar og musikarar. Hvoslef har utvikla eit kunstnarskap med eit sterkt særpreg og hovudvekt på måleriet. Ho er kjent for sine draumaktige landskap med organiske, skjøre former, ofte med underliggjande lag av mystikk og uro.
Line S. Hvoslef har utdanning frå Strykejernet tegne- og maleskole i Oslo, Vestlandets Kunstakademi i Bergen og Exeter College of Art and Design i England, og har sidan den tid utvikla eit unikt kunstnarisk uttrykk som kombinerer presisjon med poetisk undring.
Gjennom fleire tiår har ho hatt ei rekkje separatutstillingar og deltatt i gruppeutstillingar både nasjonalt og internasjonalt. Verka hennar har blant andre blitt kjøpt inn av KODE, Bergen Kunstmuseum, Grieg Foundation, Haukeland Universitetssjukehus, Statens Hus og Norsk kulturråd.
Hvoslef har utført mange utsmykkingar for både offentlege og private institusjonar.
I tillegg til sitt kunstnariske virke, har Line S. Hvoslef også arbeidd som kurator og bidratt i utvikling av kunstprosjekt og -utstillingar. Ho var ein sentral figur i oppbygging og drift av Tare Steigen Air i Nordland.