Lars Sture (f. 1961) er frå Måløy og bur i Solund kommune. Er biletkunstnar og har sveinebrev som gullsmed og er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo. Han har hatt fleire separatutstillingar i galleri i Sogn og Fjordane, Oslo, Bergen, Trondheim og London, og har vore representert med arbeid på ei mengd fellesutstillingar m.a. i Frankrike, Tyskland og Sverige.
I Hersvikbygda i Solund har Sture kjøpt den nedlagde skulen som han nyttar som bustad, galleri og atelier for seg og gjestande kunstnarar.