Katherine Mansfield (1888–1923) står igjen som ein av dei viktigaste stemmene i den engelskspråklege modernismen og ein banebrytande novelleforfattar. Ho vart fødd i Wellington, New Zealand, og vaks opp i ein velståande familie. Allereie tidleg viste ho talent for skriving, og ho vart inspirert av forfattarar som Anton Tsjekhov, Henry James og Oscar Wilde. Mansfield utvikla ein særeigen stil prega av psykologisk innsikt, fragmentariske forteljingar og eit intenst nærvær.

Ho levde store delar av livet i London, der ho brasa inn i det etablerte litterære miljøet, som i hennar auge ikkje var særskilt nyskapande. Skepsisen var gjensidig: Dei gjorde narr av New Zealand-aksenten hennar og den utovervende veremåten. Virginia Woolf skreiv i dagboka si at Mansfield «stinka som ein gatevandrande snikekatt». Malaren Dora Carrington meinte ho var «ei kvinne frå underverda, med språket til ei fiskarkone frå Wapping», og biografiforfattaren Lytton Strachey skildra henne som «denne grovmunna, giftige, frekke feiekosten av eit menneske».

Forfattarar som James Joyce og D.H. Lawrence lét seg inspirere, og ikkje minst Virginia Woolf som både beundra og konkurrerte med henne i eit av modernismens mest fascinerande litterære venskap.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk